HISTORIE

I lokala der Henrik øl og vinstove ligg har det vore serveringsdrift frå omlag 1930. I byrjinga var det Cafe Jonsvoll som låg i andre høgda. Kafeen var ein stad der strilar fekk seg middag og anna. I 1984 vart det ombygd til Cafe som passa 80-talet, Cafe Henrik. Då 80-talet gjekk mot slutten forsvann jappekafeen og eit biljardbord flytta inn. Stemninga var noko inneslutta fram til sumaren 1993. Då overtok Johnny Ve drifta i lokala. Målsetnaden var todelt. Det eine var å skapa ein arbeidsplass for Johnny så lenge han var student. Det andre var å laga ei skjenkestove (Pub) utan støy og rølp. Vener og kjende hjalp til med oppussinga av lokala og omsetnad i kassen. Det viste seg å fungera sers bra. I 1994 vart lokala bygd om slik dei er i dag.

Mykje stamgjester, tilreisande og andre har gleda seg øve Henrik som ei triveleg skjenkestove. Stemninga i lokalet er alltid god, mykje bra folk er gjester hjå oss. Og me har ikkje noko musikkanlegg som øydelegg mogligheten for samtalar og tankeverksemd.

 

Velkomen skal Dykk vera!

 
 
   
 
  Henrik   Henrik   Henrik   Henrik
                 
                 
                 
                 
x