HENRIK ØL & VINSTOVE

Probably the best pub in Bergen.

Opningstider

Sundag til fredag 16.00–00.30
Laurdag 15.00–00.30

Om Henrik

Me har 54 kranar med øl, mjød og sider. Fleire av desse er alkoholfrie. Nokren er glutenfrie. All informasjon om utval finn dykk på tavla vår.

Nokre gode vinar og leskande mineralvatn har me òg.

Først og fremst er Henrik ei god skjenkestove med høve for samtale og god stemning.

Skikk og bruk

Hjå oss har me ikkje musikk. Me ynskjer heller ikkje at gjestene skal verta plaga av annan støy, som synging, skåling og skråling.

For dei som kjenner trong til å ta bilete, ver gild og skru av blitsen på telefonen.

Men eigentleg tykkjer me det er kjekkast om telefonen kan kvile, slik at ein er saman med dei andre i lokalet.

Reservasjonar og smaksmenyar

Me har diverre ikkje høve til å reservera bord eller ha tilstellingar hjå oss.

Skjenkestova skal vera open og tilgjengeleg for stamgjestene våre gjennom heile året.

Me tilbyr heller ikkje smaksmenyar, men dei som er på jobb, hjelper deg gjerne med å finna noko godt.